Følg Cappelen Damm

Invitasjon: Alf Kjetil Walgermo lanserer sin nye roman "Kjære søster"

Pressemelding   •   jan 15, 2015 15:31 CET

VELKOMMEN TIL LANSERING!

Vi feirar Alf Kjetil Walgermos nye ungdomsroman Kjære søster på forlaget.

Tid: onsdag 21. januar kl. 18.00

Stad: Cappelen Damm, Akersgata 47/49, Oslo

Det blir open bar med hyggelege prisar. Fri entré.

Om boka:
Når eit ungt menneske døyr, står gjerne Facebook-veggen igjen. Ofte lever veggen vidare, som ein stad der slekt og vener vender seg direkte til den avdøde. Som ei minnebok, men også som ei slags forlenging av livet.

Ei stund etter Amalies død begynner storesøstera Eli Anne å skrive på veggen hennar. Foreldra vil at ho skal legge profilen ned og ta ein endeleg avskjed, men Eli Anne kvir seg for å gjere det. Det finst ting ho og Amalie ikkje fekk ordna opp i, ting dei aldri fekk sagt til kvarandre.

Kjære søster rommar både sorg, anger og skam – men også glede, livskraft og håp. Det er dessutan ein roman om musikk. Amalie elska Patti Smith.

Kommentarer (0)

Legg til kommentar

Kommentar