Gå videre til innhold
Alf Kjetil Walgermo til Island på forfattarturné

Pressemelding -

Alf Kjetil Walgermo til Island på forfattarturné

Foreningen Norden har invitert Alf Kjetil Walgermo til forfattarturné på Island. Ei heil veke skal han reise rundt og møte islandske skuleklassar, og lese frå ungdomsromanen Mitt bankande hjarte – på nynorsk.

– Eg skal snakke sunnmørsk og lese på nynorsk. Sjølv om boka er omsett til islandsk, er det kjekt å prøve ut nynorsken på ungdommane der borte, seier Walgermo. Turneen startar i neste veke.

Ungdomsromanen Mitt bankande hjarte fekk brei merksemd og skapte stor begeistring hos dei norske meldarane i 2011. Boka er selt for utgiving til heile seks land, og kom ut på dansk, nederlandsk og islandsk i fjor haust. I år skal boka ut på tysk, fransk og svensk. Ho er nyleg også komen i nytt opplag på norsk.

Også i utlandet har mottakinga vore positiv. Danske Weekendavisen meldte boka då ho kom på dansk, der meldaren Frederikke Winther skreiv at «Historien om Amanda er et gribende og eftertænksomt bud på, hvordan det er, når livet trækker i to helt forskellige retninger på samme tid.» Islandske Morgunbladid skreiv at boka er «ei velskriven kjærleiksforteljing», som «tek for seg alvorlege tema på ein fin måte.»

Mitt bankande hjarte handlar om Amanda som snart er 14 år, og forelska. Samtidig truar ein farleg hjartesjukdom med å røve frå ho alt – forelskinga, kjærleiken, livet. Mitt bankande hjarte er både ei sjukdomshistorie og ei drivande, godt fortalt kjærleikshistorie. Boka var ein av fem titlar i Leselystaksjonen 2012, kor bøker blir gitt som gåve til 120.000 skuleelevar på 6. og 7. trinn. Kriteria for å bli valt ut er m.a. godt språk, spennande tema og god evne til formidling.

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sjøholt på Sunnmøre, og er busett i Oslo. Han jobbar til dagleg som journalist og kommentator i Vårt Land. Den førre boka hans, Mor og far i himmelen (2009), fekk også svært gode kritikkar. I fjor fekk han både Statens kunstnarstipend og Bokhandelens barnebokstipend. 

Emner

Kontakter

  • Alf Kjetil Walgermo
    Alf Kjetil Walgermo
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    3861 x 2574, 3.92 MB
    Last ned
  • Mitt bankande hjarte omslag
    Mitt bankande hjarte omslag
    Lisens:
    Creative Commons navngivelse
    Filformat:
    .jpg
    Størrelse:
    1589 x 2497, 351 KB
    Last ned