Gå videre til innhold
Eddadikta i ny gjendiktning.

Pressemelding -

Eddadikta i ny gjendiktning.

Velkommen til lansering onsdag 4. juni kl 19:00.
Sted: Cappelen Damm-huset i Akersgata  47/49

Ola B. Johannessen leser Eddadikt.
Samtale mellom lyriker og gjendikter Knut Ødegård og professor i norrøn filologi Jon Gunnar Jørgensen.



EDDADIKTA
er eit høgdepunkt i den førkristne nordiske litteraturen: Her finn vi både stor diktekunst og nære møte med vikingtidas verdsbilete, gudelære og livsvisdom.

Gjendiktning og kommentarar av Knut Ødegård. Forord av Jon Fosse.
Band ll Gudedikt.

Vi veit ikkje kvar eller når eddadikta vart til, heller ikkje kven diktarane var.  Dei eldste kan ha røter attende til folkevandringstida, medan dei yngste truleg vart til etter landnåmet på Island.  Landnåmsmennene kan ha teke med seg dei eldste av dikta slik dei vart overlevert munnleg frå
generasjon til generasjon – inntil islendingar skreiv dei ned på 1200-talet.

Her i band II av Knut Ødegårds utgåve av eddadikta møter vi GUDEDIKT som på mange vis er ulike dei meir kjende Voluspå og Håvamål som vart presenterte i første bandet.

I dette andre bandet kan ein oppleva det som å stiga ut av den opphøgde staden og gå inn på
eit yrande torg.  Begge stader høyrer til den same verda og same folket, men ordbruken vert ein annan og respekten for det heilage får meir folkelege uttrykk på torget.  Der møter vi gjøglarar, eventyrarar, posørar, kåtskap, skjemt, fordomar og truskap i ei fargerik blanding,  Og vi møter folk som fortel om vågsame ferder i underlege land.

GUDEDIKT gjev eit unikt innsyn i den førkristne tenkjemåte, gudstru og menneskesyn.  Somme av desse dikta kan ha vore brukt i rituelle teaterframføringar i samband med gudedyrking og påkalling av kreftene.  Fleire stader støyter ein på sterke fordomar mot seksuelle minoritetar, ofte i eit opprørande rått språk – som denne gjendiktinga for første gong freistar finna tilsvarande uttrykk for på moderne norsk. 

Forfattar og statsstipendiat KNUT ØDEGÅRD gjendiktar eddadikta i tre band som òg inneheld fyldige forklaringar til dikta.  Ødegård har før m.a. gjeve ut to grundige fagbøker om Island og kritikarroste gjendiktingar av islandske mellomalderkvad som “Lilja” og “Geisli”.  Som lyrikar har han fått mange norske og utanlandske prisar og utmerkingar og er omsett til 32 språk.

Kontaktopplysninger forfatter: knutode@mimer.no og 91838667

Emner

Kontakter

Tone Hansen

Tone Hansen

Pressekontakt Kommunikasjonssjef 92435573
Ole Bjerkebakke

Ole Bjerkebakke

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur +47 905 91 564
Vibeke Christiansen

Vibeke Christiansen

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig livsstil og krim & underholdning 41299950

Rikke Elling Grønvold

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig barne- og ungdomsbøker 99743904

Norges største bokforlag med utgivelser innen de fleste fagområder

Cappelen Damm er Norges største forlag. Forlaget utvikler, formidler, selger og distribuerer kunnskap, kultur og leseopplevelser til voksne og barn.