Gå videre til innhold
Sterk livspuls i ny roman frå Alf Kjetil Walgermo

Pressemelding -

Sterk livspuls i ny roman frå Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermos nye ungdomsroman Mitt bankande hjarte handlar om Amanda som snart er 14 år, og forelska. Samtidig truar ein farleg hjartesjukdom med å røve frå ho alt – forelskinga, kjærleiken, livet. Mitt bankande hjarte er både ei sjukdomshistorie og ei drivande, godt fortalt kjærleikshistorie.

Mitt bankande hjarte
har alt av spenning, romantikk og flotte ungdomsportrett som fenger målgruppa, kombinert med innsiktsfull handtering av dei store spørsmåla i livet knytt til eksistens og identitet. Boka vil vere god lesing også for vaksne. Mange vil kunne kjenne seg igjen i det kjenslevare og kaotiske landskapet i ungdomstida, som Alf Kjetil Walgermo fangar på ein så presis og sann måte. Det er realistisk, trist og romantisk på same tid.

Walgermo blei inspirert til å skrive denne romanen av å høyre historia om eit barn som fekk nytt hjarte. I researcharbeidet har han hatt fleire samtalar med
ei jente som har transplantert hjartet to gonger, første gong som 14-åring. Forfattaren fortel også om ein meir personleg inspirasjon:

“Sjølv har eg ein lekkasje i hjartet.
Det er ein fullstendig normal lekkasje, ingenting skummelt i det heile. Nesten alle har ein slik lekkasje. Men av og til er eg blitt skremt av mitt eige hjarte. Eg kan ha kjent eit urytmisk slag. Fått ei kjensle av flimmer. Nokre gonger har eg vore redd for å døy av hjartesvikt. Farfar døydde av hjarteinfarkt. Kanskje vil det også skje meg? I mitt tilfelle er det i utgangspunktet berre ein ekkel tanke, som eg kan legge bort. For mange er det ein overhengande fare. Hjarte- og karsjukdommar tek nesten halvparten av alle liv her i landet.” Alf Kjetil Walgermo

Hjartet rommar alle dei store spørsmåla knytt til eksistens og identitet. Det er ein av dei mest brukte metaforane våre.
Alf Kjetil Walgermo har ønska å hente metaforen attende til brystet. Korleis er det for ei ung jente å vere forelska og samtidig vente på hjartetransplantasjon?

“På Rikshospitalet har legane gjort over 700 hjartetransplantasjonar sidan dei begynte med dette i 1983. Det er 700 enkeltlagnader. 700 liv som fekk ei dramatisk vending. Eg skriv ikkje ei av desse 700 historiene. Men eg har ønskt å skrive så sant som mogleg. Ein særleg takk til dei eg har snakka med for å kunne skrive forteljinga om Amanda”. Alf Kjetil Walgermo

Alf Kjetil Walgermo (f. 1977) kjem frå Sjøholt på Sunnmøre, og er busett i Oslo. Han jobbar til dagleg som journalist og kommentator i Vårt Land. Den førre boka hans, Mor og far i himmelen (2009), fekk svært gode kritikkar.
Kontakt Alf Kjetil Walgermo: Mobil 90954412. E-post alfkjetil@walgermo.no

Bibliografi:
Mitt bankande hjarte (2011), Mor og far i himmelen (2009), Keegan og sjiraffen (2007), Neseatlas (foto) m/ Christian Kjelstrup (2006), Mestermøter. 100 opplevelser av Jesus fra Nasaret (2006), Eselhistorier. Bakspark fra verdenslitteraturen (2003)

Helsing Informasjonsavdelinga Cappelen Damm.
Kontaktpersonar i forlaget:
Trude Løtvedt (trude.lotvedt@cappelendamm.no) 21 61 75 84, 416 120 22

Emner

Kontakter

Tone Hansen

Tone Hansen

Pressekontakt Kommunikasjonssjef 92435573
Ole Bjerkebakke

Ole Bjerkebakke

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur +47 905 91 564
Vibeke Christiansen

Vibeke Christiansen

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig livsstil og krim & underholdning 41299950
Julia Kleppestø Selbekk

Julia Kleppestø Selbekk

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig barne- og ungdomsbøker 41208500

Norges største bokforlag med utgivelser innen de fleste fagområder

Cappelen Damm er Norges største forlag. Forlaget utvikler, formidler, selger og distribuerer kunnskap, kultur og leseopplevelser til voksne og barn.