Gå videre til innhold
Sterkt og truverdig kvinneportrett frå Rune Belsvik

Pressemelding -

Sterkt og truverdig kvinneportrett frå Rune Belsvik

Den kjære og prislønna forfattaren Rune Belsvik er aktuell med sin femte roman for vaksne, Ho som var så søt. Der Belsviks tidlegare bøker gjerne har kretsa rundt tematikken samliv og forholdet mellom kjønna frå gutens og mannens perspektiv, tek Belsvik oss denne gongen med inn i ei kvinnes indre verd. Ope og nært skildrar han hovudpersonen Berits tankar, kjensler og erfaringar, etter å ha blitt utsett for eit overgrep i ungdomsåra. Kan ei slik hending komma til å prega eit heilt liv?

"Ho tenkte at det var ei bølgje på veg i henne, at noko var knust der inne, men at ho ikkje hadde oppfatta det enno. Følte seg for kald og rolig til det som hadde skjedd. Kva var det eigentlig som hadde skjedd? Var det noko å bry seg om? "

Berit er ei vaksen, gift kvinne som lever eit rolig liv heime i huset sitt. Men ho blir stadig plaga av gamle minne. Det som skjedde den gongen, då ho gjekk siste året på ungdomsskulen. Det var jo så å seia ingenting i forhold til alt det andre som skjer i verda. Men gong etter gong krev det liksom å bli tenkt gjennom. Ute er det iskald vinter. Svære haugar med snø ligg over hus og landskap.

Rune Belsvik tar oss med inn i det urolige sinnet til ei ung, og seinare vaksen kvinne, og fortel om den vesle lekkasjen i henne der mest alt godt renn ut og bort. Opent og medrivande skildrar han hennar erfaringar og utforsking i møte med menn. Skal det kunna bli heilt og fast og reint ein gong? Eller kan ei slik hending komma til å prega eit heilt liv?

Rune Belsvik
er fødd i Haugesund i 1956 og oppvaksen på Stord. Han bur nå i Randesund ved Kristiansand. Rune Belsvik debuterte i 1979 med Ingen drittunge lenger, som han også fekk Noregs mållags pris for i 1980. Han har eit breitt og mykje verdsett forfattarskap bak seg. For barnebøkene om Dustefjerten har Belsvik fått Kulturdepartementets litteraturpris. Han blei tildelt Brageprisen 2000 for beste ungdomsbok (Ein naken gut). Bøkene om Jolver  frå 2008 og 2009 mottok også strålande kritikkar. For vaksne har Belsvik tidlegare utgitt: Sirkushestar og kaniner (1985, noveller), Guten sin (1989, roman), Rosene i utlandet (1990, forteljing), Stryk meg, stryk meg (1993, skodespel), Utslett (1994, roman), Eg kjem no sa kjærasten min (1999, roman), Over kvåsen (2004, skodespel), Kommoden (2007, roman).

Kontakt Rune Belsvik: Mobil: 90 86 90 98. E-post: rbels@broadpark.no

Related links

Emner

Kontakter

Tone Hansen

Tone Hansen

Pressekontakt Kommunikasjonssjef + ansvarlig for Dokumentar og samfunn 92435573
Ole Bjerkebakke

Ole Bjerkebakke

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur 905 91 564
Vibeke Christiansen

Vibeke Christiansen

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig livsstil og krim & underholdning 41299950
Julia Kleppestø Selbekk

Julia Kleppestø Selbekk

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig barne- og ungdomsbøker 41208500

Norges største bokforlag med utgivelser innen de fleste fagområder

Cappelen Damm er Norges største forlag. Forlaget utvikler, formidler, selger og distribuerer kunnskap, kultur og leseopplevelser til voksne og barn.