Gå videre til innhold
Forfatter Tor Åge Bringsværd tildeles pris for sitt imponerande og allsidige forfattarskap. (Foto: Lina Hindrum / Cappelen Damm)
Forfatter Tor Åge Bringsværd tildeles pris for sitt imponerande og allsidige forfattarskap. (Foto: Lina Hindrum / Cappelen Damm)

Pressemelding -

Tor Åge Bringsværd er tildelt Telemark fylkeskulturpris 2024

Telemark fylkeskulturpris 2024 blir tildelt Tor Åge Bringsværd for det imponerande og allsidige forfattarskapet hans.

Tor Åge Bringsværd kan vise til ein lang og imponerande forfattarkarriere. Skiensmannen har
gjeve ut over 350 titlar innan mange sjangrar. Dette omfattar ei lang liste med utgjevingar i eit
breitt spenn, frå romanar, sakprosa, novellesamlingar og barnebøker til dramatikk.
Prisen vart delt ut av fylkesordførar Sven Tore Løkslid under dagens fylkesting.

Imponerande tal på utgjevingar
- Det er ei ære å få dele ut kulturprisen til Bringsværd. Gjennom karrieren har han femna eit breitt
publikum, heilt frå dei aller minste til dei vaksne. Det er stas at fylkestinget no kan dele ut
fylkeskulturprisen til han, seier Løkslid.
Bringsværd er ein forfattar som barn har kjent til i fleire generasjonar, mellom anna gjennom
Ruffen-bøkene frå 1970-talet og ikkje minst Karsten og Petra-universet som både finst i bokform
og på film.
I ein alder av 85 år er Bringsværd framleis ein produktiv forfattar. I år har han gjeve ut den første
ungdomsromanen sin, ei bok som har hausta gode kritikkar.

Tildelt St. Olavs ordenen
Bringsværd er ein kjær forfattar som ikkje berre betyr mykje for telemarkingar, men også
nasjonalt. Han har fått ei lang rekkje prisar og utmerkingar, han fekk mellom anna Brageprisens
heiderspris i 2009, og i 2024 vart han utnemnd til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs
orden for det framifrå forfattarskapet.

Mange kjende tidlegare prisvinnarar
Telemark fylkeskulturpris vart fyrste gong delt ut i 1977. Prisen er gjeven til mange kjende aktørar
innan kulturfeltet, som Halldis Moren Vesaas, Anders Vangen og Odd Nordstoga.
Fylkeskulturprisen er på 50.000 kroner, og skal gje honnør og anerkjenning til ein aktiv kunstnar
eller kulturaktør som har gjort ein stor innsats for kunst- og kulturlivet i fylket.


Tor Åge Bringsværd (f. 1939) har skrevet for både voksne og barn i nær sagt alle sjangere: romaner, noveller, dramatikk, bildebøker og sakprosa. Forfatteren er tildelt en rekke prestisjefylte priser, som blant annet Rivertonprisen, Aschehougprisen, Kritikerprisen, Riksmålsprisen, Doublougprisen, Det Norske Akademis pris, Ibsenprisen, Alf Prøysens Ærespris, Brages hederspris og Norsk kulturråds ærespris.

Related links

Emner

Kategorier

Kontakter

Ole Bjerkebakke

Ole Bjerkebakke

Pressekontakt Kommunikasjonsansvarlig Skjønnlitteratur 905 91 564

Norges største bokforlag med utgivelser innen de fleste fagområder

Cappelen Damm er Norges største forlag. Forlaget utvikler, formidler, selger og distribuerer kunnskap, kultur og leseopplevelser til voksne og barn.